Boklansering: Svanhild Olianna Nessa og Tore Kvæven
Billetter
Om arrangementet
Boklansering: Svanhild Olianna Nessa og Tore Kvæven - om den amerikanske draumen, dei første mormonane og nådelaus norsk natur. I Svanhild Olianna Nessas roman Riv meg frå alt som held meg tilbake reiser Nils frå gard og familie for å følgje Guds kall til Amerika. Året er 1850 og Margrete og dei seks barna deira må no klare seg sjølve. I New York kjem Nils i kontakt med folk frå mormonrørsla som overtyder han om å følgje dei til Salt Lake Valley. I mellomtida er Margrete i ferd med å finne attende til Faltin, som hadde eit godt auge til henne før ho gifta seg med Nils. I Tore Kvævens roman Eit spor til endes veks Torstein opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vere både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik. Faren tar han med på jakt innpå heiene, og saman med den yngre broren Ådne tar han også del i den daglege gardsdrifta, med å henta høy løene, vedhogst og dyrestell. Men noko hender ein dag han og faren er på jakt i bitande vinterkulde, og livet hans blir endra for alltid. Svanhild Olianna Nessa (f. 1952) bur på Tau i Strand kommune. Riv meg frå alt som held meg tilbake er den første boka i trilogien Mormonen på Nessa. Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder, kor han er sauebonde og lærar. Eit spor til endes er hans femte roman. Arrangementet inkluderer høgtlesingar frå Karen Kyllesø og Lars Flatø Nessa i tillegg til bokpraten med forfatterane. Velkommen til ein kveld med rotnorsk natur, amerikafararar og den store kjærleiken.
